fredag 26. desember 2014

Når alle ynskjer oppfyllast ....

Dagane har gått sidan vi reiste frå HUS, spente og litt usikre på om skuldrane kunne senkast denne gongen. Det syner seg at det kan vi. Elias har stadig betre dagar, og vi er no meir fokuserte på korleis vi skal bygge kondisjon hos han att, slik at han taklar livet sitt, etter 8 mnd'ar på sofaen. Sjølv er han grådig på opplevingar, og vi opplev at han må staggast litt, då han er glupsk på livet sitt. Heldigvis ser det ut som om det er det vi må fokusere på, at han ikkje skal bite over for mykje - for raskt. Legane hans, sjekkar korleis vi har det, sjølv i kviledagane i romjula - og alle avrundar med, du må helse han så mykje. Det varmer eit skjelvande mammahjarte ekstra.

Vi starta året med sjukdom og sorg, og dei siste månadane har eg vore redd for at det var slik vi skulle oppleve utgangen av året også. Det stemde heldigvis ikkje. Vi avsluttar med feiring og glede i staden. Det er nesten så eg ikkje veit korleis eg skal handtere det. For ei god kjensle!

På julafta var den næraste familien samla, Torbjørn, eg og alle ungane våre. Berre det var ei ubeskriveleg kjensle. Vi hadde bestemt oss for at denne dagen skulle vere stressfri, og vi skulle berre kose oss heile dagen. Som sagt - så gjort. Vi hadde ei fabelaktig feiring. Heilt på slutten av denne dagen, bryt Torbjørn ut; "Du har jo ikkje fått gåve av meg - har du?" Då skjønte eg han hadde noko i gjære. Og eg lot som om eg ikkje høyrte han. Eg antok at han på Hauken'sk vis hadde planlagt ein eller anna spøk til meg. Og då gåva mi blir plasser foran meg - på størrelse med ei banan-kasse, og eg får utdelt eit skrujern - då var eg sikker. Her er det ugler i mosen. eg antok at eg måtte bruke skrujarnet flittig - heilt inn til ein liten pakke med strikkepinnar - eller liknande.Eg skrur av lokket på kassa, som er pynta med raudt stoff og raudt julepapir, og inne i der ligg fleire pakkar nummererte med instruksjonsbok, kor det på første side forklarar reglane for oppakkinga. Kvar lapp skulle lesast høgt, og pakken med behørig nummer skulle opnast, før eg fekk bla meg vidare i instruksjonsheftet.

Eg ante dette ville bli flaut. Og alle ungane såg mildt sagt forundra ut!

Side nr 1 - som høyre til pakke nr 1:
Til min snille og gode julejente
som gledar seg til jula som eit barn
og ynskjer det beste for sin familie
Då eg pakker opp pakken merka med talet 1, fin eg Sissel og Odd sin juleCD, som eg ved fleire anledningar har uttrykt at eg har lyst på.

Side nr 2 -som høyre til pakke nr 2:
Til min nattlege kosebamse og beste ven
ved frukostkaffiens timar
I pakken merka med talet 2, ligg ei deilig, lang flanell pysjamasskjorte.

Hjartet mitt bankar hardt over den enorme omtanken som ligg bak kvar einaste gåve. Eg kjenner eg er rørt og overlukkeleg over kor godt han treff med gåvene sine. Før eg går laus på 3.sida i instruksjonsheftet, må eg trekke pusten djupt. Halsen har begynt å bli litt tjukk..

Side nr 3 - tilhøyrande gåve nr 3
Til min aller beste turkamerat
Eg ser fram til mange gode timar i naturen
med deg
I pakke nr 3 finn eg ei lilla (sjølvsagt) turbukse/skibukse.

Eg kjenner meg nesten overvelda av lukke, men er samstundes ikkje overraska over at Torbjørn kjenner meg så godt. Eg gløtter over kanten på instruksjonsboka, og ser at jentene i familien er helt henført over kreativiteten til far/stefar.

Fortsatt ser eg det ligg 3 innpakka og nummererte gåver til. I tillegg ligg det fleire flakslodd og troika, som er favorittsjokoladen min (og Torbjørn sin) rundt desse gåvene.

Den neste sida lyder
No passar det med ein troika-bit <3.
På dette punktet kunne eg ikkje drøyme om å spise sjokolade, så eg blar meg vidare i heftet min kjære har laga til meg.

Gåve nr 4
Til  min flittige produsent
av alle slags husflidsprodukt
Sjølv om du kanskje no er lei
så går det ikkje lang tid før inspirasjon til nye arbeid dukkar opp
I denne pakken ligg Kofteboka, som eg også har sneket inn i samtalene langs hausten, at er eit ynskje.

På dette punktet er eg byrje å kjenne meg heilt overvelda, men fortsatt ser eg der ligg fleire gåver. Kva i alle dagar kan han då meine at eg har att på ynskjelista mi? No hadde han vel nådd alt eg hadde ytra at eg hadde ynskje om?

Gåve nr 5
Til min medskuldnar i banken, og i livet. Flax-lodd!
Har vi flax?

Dei 4 flaxlodda gav forøvrig ein vinst på 150 kr. Noko som i teorien vil sei at vi fortsatt har moglegheiter til den store gevinsten. Og om ikkje, så har vi hatt spenninga og gleda....

Gåve nr 6
Til mi arbeidssame kvinne
som aldri sparar seg sjølv 
eller sin kropp
Bruk denne gåva til ein aldri så liten stopp
Då eg opnar denne finn eg eit gåvekort på heilkroppsmassasje hos Mariann Furevik, ein tidlegare kollega.

No kjenner eg at tårene startar å bygge seg opp litt, og eg må puste litt med magen, for å klare å fortsette å lese instruksjonane høgt for heile familien, som alle sit nesten fjetra. Jentene hans ser rett og slett himmelfalne ut, Mens bonusungane hans ser meir ut som om dei ikkje var veldig overraska ut. Men rørte ser eg alle er.

Eg trekk pusten djupt - no er i allefall ønskelista innfridd! Men der ligg fortsatt ein avlang - smellbonbon - fasong liknande gåve att.

På neste sida står det å lese
Siste gåve!
Til min aller viktigaste!
Sjølve symbolet til denne gåva er 
ikkje med her i kveld
Det er 2 grunnar til det
Den eine skuldast alle andre sine gåver
Men den viktigaste grunnen er 
at eg veit at du gjerne vil
vere med å finne den rette sjølv
Så om du svarar på spørsmålet 
på neste side
så er denne gåva ein første start på vegen
P.S Denne har reist til Paris og tilbake

No renn tårene mine fritt, og då eg kikkar opp, gjer dei andre sine tårer det same. Eg blar om, fortsatt litt usikker på om dette kunne vere rett. (Endå eg hadde fått streng beskjed om å ikkje bla om før gåvene var opna - men det trur eg ikkje han brydde seg om då).

Til min kjæreste gjennom 3 år
Vi har vore gjennom og delt mykje
både gleder og sorg
Tida som du har venta på er endeleg komen
Vil du gjere meg til ein lukkeleg mann?
Vil du gifte deg med meg?
Din Torbjørn

Eg hugsar ikkje om eg las først, svarte og så kyssa han, eller om eg grein, svarte han og så kyssa han. Svaret var iallefall eit svært tårevått JA - sjølvsagt din tosk! Alle jentene tørka tårer, og gutane svelgte mange gongar før dei kremta og lurte på kva som hende....

Snakk om å checke alle boksane på ein gong!!!

Kor tid? Korleis og kor?? Anar ikkje, nett no så er eg berre overlukkeleg. Og kan glede meg over kor mange som gler seg med oss. Er ikkje viktig kor tid eller korleis det skjer... Det skal skje, det er det einaste som betyr noko. Men at eg er heldig - det er det ingen tvil om!!!

Åja - den siste pakken... Den vart omsider pakka opp. Inne i den låg erklæring frå brurefolk, ferdig utfyllt, Manglar berre dato.

2015 kan ikkje anna enn å bli eit særs godt år. Men dei har ikkje vore så verst dei tre siste heller. Ikkje når det kjem til stykket. Når eg først skulle gjennom alt vi har vore gjennom, så kan eg ikkje anna enn å vere serdeles glad for at eg har vore gjennom det med dei eg har gått gjennom det med!

I tillegg har eg funne ein del bonusmennesker på vegen. Det er eg og takksam for.

Måtte 2015 bli eit innhaldsrikt år med mykje lærdom. Det er vi gode på. Mens vi ventar, så nyt vi kvarandre og familien vår. Både den medfødte og dei sjølvvalgte.

Og eg? Eg skal gifte meg! Med den mest fantastiske mannen i verda! Utan tvil!

2 kommentarer :

  1. er så ufattelig glade på dine vegner - men mest av alt at det er framgang med E lias :-) dere har hatt en stri veg og gå - og vist at med kjærleik og vilje er alt mulig <3

    Har vandra så langt -

    Har vandra så langt og så lenge,
    på sprek – og på mødig – fot.
    Har framleis stor vandrarglede ,
    framleis stort vandrarmot,
    men veit sjølvsagt at kanskje
    alt bortom neste sving
    krasar det is på vegen
    og markene kvitnar ikring.

    Veit det. Har tenkt: Av livsens blomar
    har du fått plukke så mange.
    Det veks ikkje fleire av dei, for deg.
    Kvite og utan ange,
    kalde og stive er dei som står
    og ventar deg no, i eit ukjent land,
    og når du rører dei, kvitnar
    og stivnar som dei di hand.

    Roleg vandrar du vegen fram.
    Rundar den svingen. Kva skjer?
    Du stansar, blir ståande, kan ikkje tru
    at det er sant, det du ser:
    I staden for dødens blomsterhage,
    kald, kvit og stiv,
    duvar framfor deg eit vell av blomar
    som gløder av liv, av liv -

    og nær deg kviskrar den kjæraste røyst:
    Visst er det sant. Du skal tru
    dettte du ser. Det er ditt. Det er vårt.
    Det er oss. Det er eg og du.




    Halldis Moren Vesaas

    SvarSlett
  2. Tusen takk for vakre ord! Halldis Moren Vesaas er utan tvil ei av mine favorittdiktarar. Mykje på grunn av målet ❤ Diktet passer som ei hand i hanske. Slik kjennast det no. Uventa fell alt på plass, der vi forventa frost og rim - var der helse og uendeleg kjærleik istaden!
    Tusen takk Unni, for eit svært passande dikt. Men og for at du tok jobben eg frykta, og ikkje hadde overskot til - nemleg å søke etter informasjon rundt symptoma til Elias ��
    Du er ein god ven!

    SvarSlett