torsdag 4. desember 2014

Den optimale julegåva...

For snart 3 år sidan møtte eg Torbjørn for første gong, og opplevde dette lynglimtet ein les så mykje om i det eg såg han inn i auga første gong. Eg berre visste at dette var han eg hadde håpa inst inne eg skulle treffe, håpa - men ikkje trudd på, sidan eg las "Romantikk" som 12-åring. Livet hadde gått sin gong, og hadde hatt sine "ups and downs" i form av kjærligheita. Han traff meg på same måte som Dagmar traff kysten av Vestlandet same dag - og to veker seinare vart vi eit par.

Det er berre 3 år sidan, men i opplevingar og prøvelsar, kjennast det meir ut som om 30. Vi visste det ville bli utfordrande med til saman sju born, og eit travelt liv - men ikkje ante vi kor store utfordringar dette ville bli. Vi har på enkelte områder vore gjennom meir enn mange familiar opplev på fleire tiår, og når eg no ser tilbake blir eg fylt med takksemd. For at min partnar er Torbjørn. Ein flottare mann skal ein jammen leite lenge etter. Med si stoiske ro, sin enorme kjærligheit for familien, og den enorme godheita han har for alt og alle.

Då mamma fekk diagnose og dødsdom på ein gang, var han styrka mi og tryggheita mi. Påkjenninga dei 4,5 månadane før ho døydde fredfullt heime i stova i Kinnvegen kan ikkje beskrivast som anna enn det tyngste eg har opplevd heile mitt liv. Det å då kunne køyre inn att til Førde kvar kveld, og legge seg trygt inn i armane hans, var det som heldt meg i gang denne beinharde tida. Då eg etter hennar død måtte forhalde meg til oppdaginga om kor ufatteleg stor del av livet mitt ho faktisk hadde vore - var han der. I sorga var han tilstades, stille og trygg, med rom for den bunnlause sorga eg kjende, ordlaust og tilstades. Heile tida.

Så blir svigerfar sjuk, og vi blir fort redd for at dette er alvorleg. Det tok noko tid før vi fekk bekrefta dei bange anelsane vi hadde. Vi kunne ikkje heilt tru det, 13 månedar etter mamma sin diagnose, fekk vi ein likelydande diagnose på svigerfar. Inkurabelt og raskt forlaup. No fekk eg litt avstand til sorga - men stod med smertefull kunnskap om kva min beste ven skulle gjennom. Eg gjentar løftet eg ga mamma, til svigerfar og svigermor - og ikkje minst til Torbjørn. På 3 månedar - 11 månedar etter ho mamma døydde - sovnar svigerfar inn heime på Sande.

 Denne gongen har Torbjørn den største sorga, men er likevel bekymra for meg undervegs. Han ivaretek familien sin på same stillfarande måten, med same tryggheit og kjærligeheit. Denne gangen må vi i større grad støtte oss til våre eks'ar for ivaretaking av borna. Mine born for gjenoppleving av Besta sin sjukdom og død, og hans jenter i sorga over å tape sin Beste'n. Og uten våre tidlegare ektefeller, hadde vi nok ikkje komme så godt ifrå denne perioden, som vi gjorde.

Så i vinter slår skjebnen til igjen. Denne gongen ikkje med fatale problemstillingar, men Elias blir meir og meir plaga, og misser meir og meir av livet sitt etterkvart som månadane går. Igjen trår vi inn i krisemodus, og må sette resten av livet på vent. Å ha eit born som blir langvarig sett ut av spel, gjer absolutt noko med prioriteringane våre. Pappa'en til Elias har måtte ta samværet i vår heim, fordi Elias ikkje har klart å vere heime hos han. Då eg og Torbjørn etter 6 månedar innser at vi må gjere noko berre for oss, så flytter pappaen inn i vår heim, for å passe born og dyr. Og det går ikkje lang tid, før det tikkar inn melding frå mammaen til jentene hans, med spørsmål om kva behov vi har for støtte vidare. Vi må berre fortelle kva vi treng, og ho stiller opp. Nok eingong blir borna tatt godt ivare av storfamilien, på tvers av historie og skilsmisser. Borna passar på kvarandre.og våre eks'ar ser etter oss, og støttar våre behov.

I Elias si utreding, blir vi møtt med skepsis på denne storfamilien vår, både frå behandlande legar, PPT, BUP og elles andre involverte. Alle har same skespsisen då dei først møter oss. Og i starten kjentes dette som ein belastning, Men no er eg faktisk stolt over å tilbakevise denne skepsisen. Vår historie bekreftar at det som kan vere oppfatta som eit problem - i vårt tilfelle er styrka vår. Når det verkeleg gjeld, då sler vi kreftene våre saman, og kva kan då slå oss av føtene? Eg er så takknemleg for denne store, og av og til uhandterlege, familien vår. Minst like takknemleg som eg er for Torbjørn!

Den andre meistringsstrategien min - nemleg bloggen min, har også overraska meg i denne prosessen. At eg treng skrive for å sortere, har eg alltid visst. Og sjølve skriveprosessen rensar, gjev meg nytt syn på situasjonen då kjenslene tek overhand. Dette har eg også alltid vore bevisst. Så tenkjer eg at andre kan alltids lære noko av denne "renselsesprosessen" - enten det er kva ein kan gjere, eller ikkje bør gjere. Vi treng av og til sjå inn på andre sine livsprøvelsar, for å både forstå våre eigne, men og skjøne at andre kan ha det verre - eller av og til forstå at vi sjølve har noko positivt å jobbe fram mot. Det er alltid sunt.

Men det som har overraska meg, er kva andre som les har bidratt med til oss. Ein ting er det at andre si medkjensle eller perspektiv, kan vere sunt og hjelpsomt. Men at tilbakemeldingane, både til meg og til Elias den siste tida, skulle bety så mykje for meg - var eg ikkje forberedt på! Elias har fått eit syn på livet, og sin situasjon, som andre bruker ei halv- eller ei heil livsstid på å få. Dette opplev han som 11-åring! Han opplev heilt usjølvisk omsorg i ein vond situasjon. Han opplev at framande bryr seg nok til å ønske å løfte situasjonen hans. Og han lærer kor viktig det er å tørre å strekke ut ei hand, til nokon som har det vondt. Dette er jo det alle mødre drøymer om at borna skal lære? Dette lærer han ved eigen erfaring - og det kan vi jo vere einig om at er den beste pedagogiske metoden av alle?!

Har dei siste 2 åra vore vonde og vanskelege? Heilt klart! Ville eg vore dei foruten? ALDRI! Misforstå meg rett, eg skulle gjerne hatt mamma og svigerfar her - eg saknar dei sårt kvar dag. Og hadde eg kunne, hadde eg gjett Elias tilbake 6 månader med ubekymra, smertefri leiketid att. Men eg trur kanskje det vi har istadenfor - er vel så verdifullt. Når vi først skulle oppleve dette, så er eg glad og ekstremt takksam for alt vi har fått i gjengjeld.

Neste gang du kjenner deg oppgitt over vår tids moderne familiestrukturar, tenk på oss - og tenk på desse erfaringane vi har gjort. Istadenfor for å sjå dei moderne, mine - dine - og våre familiestrukturane som dårlege eller uheldige, kva med å prøve dette perspektivet? Eg veit iallefall at dette årets innprogrammerte, høflege og skikkelege svar på spørsmålet "Kva ønsker du deg til jul?" - for første gong er heilt 100 % ærleg. "INGENTING - eg har faktisk alt...." 
Og tusen takk for det ...

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar