![]() |
kilde svensk wikipedia |
Vel, først tenke - så Googlar vi, og her er kva eg finn på Wikipedia;
Konfirmasjon - av det latinske confirmare, tydar å bestyrke eller bekrefte. Dette er opprinneleg eit kristen overgangsrituale. Overgangsritualer frå barn til vaksen fins i dei fleste kulturar verda over. Det har fått ulik vekt og utformin innan dei ulike delane av kristendommen. Historisk sett har dette ikkje vore sett som eit overgangsrituale frå barndom til vaksenalder, det har tilkomme i enkelte trussaamfun seinare.
Då er vegen kort til Humanetisk Forbund, og deira forklaringsmodell på den humanetiske varianten;

Humanistisk konfirmasjon er eit tilbod til ungdom som ønsker eit kurs i livssyn og etikk, og ein høytideleg seremoni på dette grunnlaget. Målsettinga for kurset er å styrke dei unges evne til sjølvstendig tenking og etisk handling, gjennom å fremje
- innsikt i eigne opplevingar, haldningar og åtferd
- evne til refleksjon og til å stille kritiske spørsmål
- bevisstheit om livssyn
- evne til omtanke, respekt, toleranse og til å ta ansvar".
Det er klart at eg skjønar jo kva som foregår i hovudet på 13-åringen. Han har ein gylden anledning til å tene nokre kroner, og jaggu krevs det ein litt oppegåande tankegong å bevisst velgje vekk ein slik anledning. Men det tenker eg faktisk at han kan - dersom det for han ikkje er viktig å stadfeste dåpshandlinga vi utførte 26.mai 2001. Det eg ikkje sa til han, er at eg skal då heller gladeleg betale han det konfirmasjonen ville kosta meg i tid, kroner og arbeid - for dette meiner eg faktisk er heilt prinsippielt.
Vi vaksne er oppteken av manglande verdiar hos ungdommen vår, dei blir kalla curling generasjon, og er sydd puter under armane på. Spørsmålet er då, er eg villeg til å halde ein fest og stor ståhei for noko som for han berre betyr - ingenting? Skal eg då gje etter for slik tankelaus surfing av goder som ein borgerleg konfirmasjon er? Når det er ein tradisjon festa i den kristne tradisjonen som dåpen er?

Nei takk, eg skal med glede feire guten når han er ferdig med vidaregåande, og gjerne halde fest og betale dyre gåver då han står på farten ut av redet. Men neimen om eg for einkvar pris set han til med ein konto å skusle med på drit og ingenting før den tid. Men vil han feire dåpen sin, og markere at han fortsatt ynskjer å stå ved den kristne dåpen - skal eg med glede gjere det også. Så guten fortvilar, mora skjønar ingenting! - og vil ikkje la han kjøpe den billigste vegen til feit konto. Han må studere alternativa, lære seg kva dei begge tilbyr, for så å ta eit velovervegd val som han må grunngje - til denne teite mora - som rett og slett ikkje skjønar nokon ting! At det går an å ha det så vanskeleg....
aleksander er nett fylt 11 . han konstanterte ved ole kr sin konfirmasjon - at han skulle konfirmere seg borgerlig. for han trudde ikkje på gud. han er fasinert av religioner - og temaet opptek han .. og han er sikker i si sak..iallefall pr i dag :-)
SvarSlett