Kvardagsheltar

Det har vore mykje snakk om kor overfladisk samfunnet vårt er blitt, og kor sjølvopptatte vi alle er. Feminismedebatten sentrerer rundt "grevinneheng" og kor vidt kvinna blir krenka av ord og uttrykk, som sentrerer rundt utsjåande og aldersvedlegg.
Bloggverda er full av "selfies" og "dagens outfit" - og no er jaggu vi kvinner for positive i uttala om kvarandres prestasjonar og utsjånad og. Ungdommen vår er av curling-generasjon, som yter lite, krev mykje og er håplause. Og dette er nyare nytt! Slik var ungdommen ikkje før!

”Ungdommen nå for tiden foretrekker luksus. De har dårlige manerer, fornekter autoritet, har ingen respekt for eldre mennesker og prater når de egentlig burde arbeide. De unge reiser seg ikke opp lenger når eldre folk kommer inn i værelset. De motsier foreldrene sine, skryter i selskaper, sluker søtsaker når de sitter ved bordet, legger beina over hverandre og tyranniserer sine lærere.”
Kilde: Daria.no
Dette er orda til Sokrates for 2450 år sidan. Og eg er heilt sikker på at du kan finne nesten ordrett den same uttala i kva som helst medieforum frå vilkårleg tiår. Dette er jaggu gamalt nytt.
Så hender ei katastrofe, midtvinters i iskaldt fjordvatn havnar 3 ungdommar i sjøen. 2 kjem opp att, og får signalisert at det er ei att under vatn. Og ho kjem ikkje opp att. Heltane i denne historia er utvilsomt desse to kameratane - på veg på fest. Der den eine klatrar ned i fjorden, og må ned i to runder for å få opp att ungjenta. Som utan denne handlinga hadde vore fortapt. Hjelpeapparatet ville brukt tid på å komme ut til fergekaia, tid som ville vore fatal utan handling. I tillegg ville det tatt endå lengre tid å få dykkarar på plass. Dette tvilar eg denne unge mannen tenkte på, då han klatra ned stigen og ut i fjorden. Og redda med dette eit menneskeliv - som elles ikkje hadde den minste sjanse til overleving.

Då denne unge mannen valde å hoppe i sjøen, hadde han ikkje lang tid til å vurdere risiko eller eigenfare, og det er kanskje bra - for då ville han gjerne ikkje gjort det! Det som ber til stykket i ein slik situasjon - er ryggmargsrefleksen. Og med det meinar eg instinkta dine. Korleis handlar du - då du er fråteken moglegheiten å gjere ei initialvurdering? Den avslørar svært ofte våre "sanne fargar", og elles andre refleksar som sjølvforsvar og eigen overleving. Overlevingsinstinktet vårt stikk djupt og er kraftig - og er gjerne det som taler sterkast i ein slik situasjon. Denne karen - han "berre gjorde da"!
Og det er nok fleire med han som ville gjort det same - ikkje mange - men heldigvis fleire. Dette syner stort heltemot! Men den største heroismen i denne saka - synast eg likevel er desse to heltane si beklaging i etterkant, om at ikkje alle var blitt framheva slik dei fortener. Då blir eg stolt! Stolt over å vere medmenneske, stolt over å vere vestlending, stolt over menneskeheita! Rollemodellane vi så lenge har ropt etter - er jo rett i nærleiken vår. Dei som gjer, tenker og seier det vi alle skulle vore usjølviske nok til å gjer, tenke og sei!

Men eg vil i alle fall rette ei stor takk til desse menneska - for å ha gjennomretta trua mi på at vi som samfunn ikkje er så ute å køyre likevel. Vi bryr oss om kvarandre, og er alt anna ein likegyldige. Det har denne heltedåden vist i si fulle prakt. Det fins menneske som risikerer livet sitt for ein framand, utan å tvile eit sekund på handlinga si. Og som til alt overmål er så beskjeden i etterkant, at dei forstår at dette er ei handling dei ikkje klarte utrette aleine. Det må jo vere sjølve definisjonen på heroisme! Den lever i alle fall, i høgste grad, den er ikkje død. Tusen- millioner takk for det!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar