Måndag føremiddag bestemte vi at sjukhussenga skulle oppsettast i stova, då var det ikkje mogeleg for oss å sjå på deg ligge samankrøpen i dårleg stilling på sofaen lengre. Og då eg og Vivian tok deg så resolutt mellom oss, og sa at no skal vi hjelpe deg bort på senga, kvass du i: " Ka faen, eg e ikkje dau enno!" Mens du klamra deg til oss, uten av stand til å stå på eigne bein, utan støtte. Vi knakk saman i latter, og fekk lagt deg til rette opp i senga, med dei store stovevindauga, og Knapstadmarka i fritt utsyn frå hovudputa. Med denne utsikta døydde du, onsdag 13.februar akkurat i det kl. skifta frå 13.59 til 14.00.
Å sjå si eiga mor døy, er ikkje eit bilete eg sidan har klart å gløyme. Enno ser eg hendene dine, munnen din og håret ditt. Eg blir ikkje kvitt synet av dei siste andedraga, og kor hardt du heldt att. Eg har vore tilstades på fleire dødsleier enn eg klarar å telle etterkvart, men den kjensla eg hadde for eit år sidan - den har eg berre kjent ein gong. Første kjensla var prega av lette, eg var glad for at det var over, og glad for at vi klarte det. Min første impuls før tårene starta å renne, var ei gledeskjensle som strøyma gjennom heile meg. Eg tenkte: "Ja! Vi klarte det!" Før ei enorm kjensle av einsemd strøymde gjennom meg.
Den eg alltid ringte til då livet baud på motbakke var vekke! Mamma, du var den første eg ringte då A'ane på sjukepleiestudiet straumde inn. Utan unntak, kvar gong, var det deg eg delte det med først. Og kvar gong var du så stolt, at du formeleg var sprekkferdig. Var ungane sjuke, ringte eg deg! Sjølv om eg etter kvart kunne handtere det meir medisinsk rett enn deg, ringte eg likevel alltid til deg.
Mange gongar gjorde du meg rasande med staheita di, og mange ganger var vi ueinige, men vi var aldri uvenner etter eg var vaksen. Du har alltid vore klinkande klar på at uansett kva gale eg fann på, så stod du i mitt hjørne, då eg trengte det. Og då skjebnen snudde alt på hovudet, og du trengde hjelp, ba du pappa ringe meg. Eg fekk lov til å gjere gjengjeld for alle dei gongane du stilte opp for meg. I det året som har gått sidan, har det hjulpet meg mykje.

Røde Kors Sogn og Fjordane's Bry seg pris 2008
Eg har så mykje å takke deg for. Alt det eg er - og alt eg har potensiale til å bli. Og dette ærer eg ved å forsøke å lære barna mine opp på same måte. Vi snakkar om deg nesten dagleg, og ungane savner deg voldsomt. Kayla uttrykkjer dette ved å plutseleg dukke opp med eit av dei tusen smykka du har gjett ho. I året som har gått - har eg sakna deg nesten dagleg. Og det gjer godt å sjå at det er andre som gjer det også. Eg er stolt over å vere dotter di, og eg lovar å halde fram med å vere akkurat så god som du heile tida krevde av oss. Altså heile tida strebe etter å klare litt betre enn det eg trur eg klarer.
Takk for at du har pressa meg til å alltid yte litt meir enn det eg trudde var nok, og takk for at du alltid trudde på meg. Eg er stolt over å vere dotter di - og eg er enda meir stolt over at du er mammaen min!
♡♡♡
SvarSlett