
Mannen luktar lunta serdeles raskt for han å vere, og trør rundt deg med glasskoa sine. Og HERREGUD kor irriterande er ikkje det???!!! Han søker å varte opp med omsorg og fløyelsmjuk stemme, og før eg veit ordet av det - utan å trekke pusten ein gong - snerrar mot han, i eit glefs - og så tygg eg familiejuvelane før eg spyttar dei foraktfullt ut att. Hugsar ikkje ein gong kva som vart sagt, berre at angeren sler pusten av meg, nesten før augene er opna att, etter at eg blunkar - for å fjerne den raude tåka foran auga mine. Han er sjanselaus! Likevel forsøker han. Kvar månad, forsøker å løyse på situasjonen - å blidgjere monsteret.
Denne dagen blir ungane mine nesten usynlege. Dei unngår augekontakt, svarar ting som "Ja, mamma - Sjølvsagt, mamma". Ikkje ein gong eit "Eg elskar deg, mamma", dristar dei seg til. Stega er lydlause over golva, og leksene er gjort utan den sedvanlege kjeklinga eller omturane med andre "naudsynte" ærend. Som skye kattungar, nett plasserte i ny heim. Eg kjenner formeleg kor auga deira kviler på meg. Korleis har ho det no? Kva gjer ho? Ser ho meg?
Eg går ikkje på butikken på slike dagar - må unngå det - fordi impulsane til å bite over strupen på framande i køa er nesten overveldande. Den einaste høvelege handlinga denne dagen, er å køyre heim frå jobb, dersom kollegaene mine er så uheldig at eg er på jobb denne dagen, og legge meg under dyna med IBUXboksen tett mot hjartet. Nokre fordelar har jo dei med at eg jobbar turnus. Det hender eg har fri på denne dagen.
Raseriet herjar i cellene, og eg vil berre skade! Heilt til kjensla er erstatta med fødselsriene som lammar deg ifrå brystet og ned i knea. Då er det berre å opne boksen med dei kvite avlange, opne gapet - å rope med ynkeleg stemme: "Elskling - kan du finne eit glas vatn til meg?" Er han då litt kort og irritabel - hamrar tårene ukontrollerert - som fossefall nedover kjaken, mens eg hikstar fram: "Kvifor er du så sur? Ser du ikkje kor dårleg eg er?"

Den kvinnelege frodigheita - å du kor vakker den er !
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar