
Vel, pussinga blir igangsett, dette går radigt, og blir akkurat så lekkert som eg forestille meg kvar gong eg må blunke vekk litt pussestøv. Og ja, eg blir nok lite vetta besett, men eg gjer det sjølvsagt korrekt, og jobbar i god stilling ...bla-bla-bla.
Fornøgd med dagens arbeid, tek eg meg ein dusj, og etterkvart legg eg meg. Dagen etter er eg jo litt støl, vondt her og der, men gjer no mine greier, i det tempo eg klarer. I førre veka stakk eg ein tur innom ein ny ven. Hatt hovudverk i eit par veker, og kjente no at det var stramt og godt bak i ryggen. Så eg blei no lei av Ibux'en då, og bestillte meg ein time til kiropraktor. Og hadde jo då heldigvis time måndag ettermiddag. Då måndag kom, kreka eg meg ned til kiropraktoren att. Denne dagen hadde eg litt problem med å sitte, og å stå i visse stillingar. Svimmel var eg, og tenkte at dette blir jo greitt når eg berre får knekka meg opp att litt. Joda, han kastar tre blikk på meg, og seier "Hmm, har visst ein liten låsning i hofta di du gitt".
Eg kikka litt overraska på han, og lurte på om han ikkje var heilt i lodd. Her har eg født fem ungar utan så mykje som lukte på bekkenløysing. Neste spørsmål kjem kjapt. Hatt dette lenge eller? Eg blir litt raud i toppen, og mumlar eit kvart litt utydeleg. Mnja.... nokre ..dagar... ikkje så gale... mmnnn...

Tusen tankar rasar gjennom hovudet mitt. Eg kjenner meg naken og heilt avslørt. Litt flau, før eg kjenner at eg blir litt irritert! "Ja, sidan trappa trengte pussen, så syns no eg igrunn det", svara eg lett ironisk. Han himler nesten med auga til meg, og fortel meg heilt utan omsvøp at prisen for den løysinga sannsynleg var låsning i hofta. Himmel-fri-og-bevare-meg-vel, tenker eg. Kan eg verkeleg ikkje pusse ei trapp? Kva faen - er eg 90???!!!!
Sidan har eg no hatt hyppige treff med han karen der. Han blir nok aldri ein favoritt hos meg, verken på grunn av dei iherdige forsøka på å knekke nakken min, kvar gang han ser meg. Ei heller fordi han anser meg som ubrukeleg i høve trappepussing. Utan å sei det med reine ord, så skjønar eg jo kor han ville hen...
Og med dei dagane eg har bak meg, så ser eg jo poenget hans. Eg har hatt så ilt at eg nesten har sett fanden på veggen. Og trappa - uansett kor fin ho blei, har eg hatt sterke impulsar om å sette fyr på!

Jepp, eg har starta ny tidsrekning. FØR eg vart krøpling av å pusse ei trapp i 4 timar, og ETTER. Så heretter er det berre å ta på seg brillene før ein sminker seg om morgonen. Det har inga hensikt å la dei ligge på benken, for å ikkje ha sanninga trykt i trynet. Ei heller desse raske 3 sekunds-blikka i speilet, før ein "travelt" hastar vidare, for ein har jo ikkje tid å stå der å studere seg sjølv i evigheiter?! Ei heller er utsjånaden viktig for ein! Berre så det er sagt. Her er vi meir oppteken av innsida, og kvalitetane der. For ein er jo berre akkurat så gamal som ein kjenner seg? Eller???
Akk ja, det er ett lite helvete å bli gammal. Men alternativet er ikkje aktuelt.
SvarSlett