
Ein kan sjå eit vell av medkjensle over heile facebook, mange tårer blir felt i dag. Nokre har og falle hos meg, for foreldre og syskjen som sit att, og spesielt for det mammahjertet som knuste i dag. Det er det eg er nærast å forestille meg. Ord blir fattige! Ein veit at dette er ei sorg som aldri letnar i styrke. Det blir sagt at på sikt blir den noko ein ber med seg - og riv ikkje ut sjela kvart sekund, den blir mindre rå - og lettare å leve med. Men den vil aldri forsvinne. I dag vart det skapt eit tomrom - som aldri kan fyllast att.
Det er ei merkeleg trøyst å sjå kor ungdommen uttrykjer seg, kor inderleg dei ber kjenslene sine på ein slik dag. Vi har fått ei påminning om kor dyrbart og skjørt livet er. Vi lener oss alle inn i kjensla i det å ha tapt det umistelege. Vi har rett nok berre tapt illusjonen om at det ikkje kan skje oss, men vi sørger saman med dei som miste. I dag har ikkje sorga noko eigerskap, i dag er den berre sterkt tilstades i bortgangen til ein ung blome, som ikkje for vel fekk starta på livsgjerninga si.
Vi har tatt til oss eit rituale med å tenne lys, det gjer oss noko praktisk å gjere, når ein ikkje har anna å stille med. Mange lys er tente i dag. Lysa brenn som eit symbol for for den unge, sterke sjela som kom til vegs ende. Det kan i mange høve symbolisere kor fragilt og tilfeldig livet kan vere, denne spinkle flammen som må vernast mot trekken. Lysa varmar oss bokstaveleg og sjeleleg, og står som ei vakker og lun handling i minne om denne unge jenta som på sitt stillfarne vis, har satt sine spor i verda.
I dag er dagen for ettertanke og omsorg, for dei som miste, og for den som saknast. Vi føler med dykk i sorga.
Tårer
Ei einsleg tåre
stor, blank - utan å lugge
som ein bekk - stille og uskuldig
nesten usynleg uten skugge
den følgjast av fleire
som eit fossefall med makt
av sorg og smerte
med all si tyngde og kraft
Sorga følgjer tårene
tung og ugjennomtrengeleg
som skodda etter ein regntung dag
hard og nesten ikkje omgjengeleg
Eg ynskjer tårene velkomen
som ein kjær og sakna ven
for i kvar einaste av dei
fins minnet om ein skatt.
Ann-Kristin Norstrand
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar