Skal kven som helst kunne bli sjukepleiar?
![]() |
Bilde frå kronikken i Aftenposten 24/2-14 |
Kven er eigna til å stelle den demente mor di?
For å kunne fordjupe seg i dette, må vi først og fremst sjå på kva ein sjukepleiar er. Utdanning.no beskriv faget slik:
- Ein sjukepleiar må vere omgjengeleg, snarrådig, sjølvstendig og kunne ta leiinga i kritiske situasjonar
Det å vere snarrådig, sjølvstendig og å kunne ta leiinga i kritiske situasjonar, meiner eg kan øvast opp i stor grad. Men då må du ha ein del erfaring først, og sannsynleg må det ligge ein basis av desse eigenskapane i "genpoolen" din også.
- Du må like å arbeide med mennesker
Kan vi øve opp desse eigenskapane? Ja, sjølvsagt til ei viss grad - men der må ligge noko fundamentalt i bunn, som ein kan bygge vidare på.
- I tillegg må du vere innstilt på å lære å nytte datateknologi og teknisk utstyr
I sjukepleieutdanninga har ein teoretisk ein moglegheit til å vurdere skikketheita til desse mange og flotte menneska vi møter i utdanninga. Og løyser du skikkaheitsvurdering av ein student - løyser du eit skred av rettar i vedkommande si retning. Når du går i rettleiing med stundentane, spesielt i praksis, blir du godt kjent med deira evne til sjølvrefleksjon, samhandling med andre, og omsorg for menneske i kritiske situasjonar. Du får veldig fort eit hint om korleis den einskilde eignar seg for yrket.

Men dette fører til studentløp, kor studenten med loven i hand kan ta alle 6 praksisperiodane 2 ganger eller fleire, uten å bli stoppa. Det er ikkje beint fram å fortelle eit menneske at dette eignar du deg ikkje til, det er ei krevande øving. I alle fall dersom vedkommande ikkje er einig sjølv. Eg har sjølv blitt klaga inn til leiinga av studentar som ikkje var einig i måten er irrettesatte deira oppførsel på. Noko som tvang meg i møte med gjeldande studentar for å beklage. Sjølv om eg meinte deira framferd var heilt uakseptabel! Det er ikkje alle som tolerer å bli korrigert. Og det er slett ikkje alle som aksepterer det. Og systemet slik i har det i dag - tek ikkje høgde for det du ikkje kan sette fingeren direkte på, som du finner motsvar i jussen til.
Vi kallar sjukepleien ein dannings-utdanning. Danning tyder jamfør Gyldendals danske ordbok:
" Omgrepet danning viser delvis tilprosessen, gjennom korleis eit menneske ervervar seg eit kulturelt bestem innhald av ein kunnskap, ferdigheiter og haldninger. Samt delvis til resultatet av gjeldande prosess som skal kummulere i ei danning av personlegheita i ei ønska retning."
Spesielt haldningar er viktige i vårt fag, særskilt sidan vi ofte må behandle menneske som vi ikkje, i samsvar med eigne personlege overtydingar, kjenner det er rett å behandle. Som reservasjonsdebatten innafor aborthenvising nettopp har vore eit døme på.
Vi må finne eit effektivt system, som gjev høgskulen løyve til å sei høfleg "takk - men neitakk" - vi ynskjer deg lukke til vidare på ferden din - på andre områder enn i sjukepleiefaget. Vi må iallefall få lov til å "oppdra" studentane våre inn i ønska tankerekke.
Det passar ikkje for alle å sitte ved ei sjukeseng å tilby støtte og tryggleik i krisesituasjonar i livet. Og vi må erkjenne at i det samfunnet vi har skapt, kor vi alle skal ha like rettar - at ikkje alle skal få lov til å få autorisasjon som sjukepleiar.
Eg brukar å sei til mine studentar at dei skal bli den sjukepleiaren dei vil ha sittande ved senga til sitt eige kritisk sjuke barn. Og klarar dei ikkje det - skal dei tenke på å bli noko anna!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar