Vi er på teateret 2-3 gangar årleg. Eg elskar teateret av mange grunnar. Ein fordi du får sjå menneske som leverer totalt utan sjenanse, dei byr på seg sjølv på den mest intime og avslørande måten. Eg har stor beundring for denne eigenskapen i andre menneske. Det å ha så stor sjølvtillit at du delar uten forbehold av deg sjølv - er ein kvalitet mange og kanskje alle burde drømme om?
Ein annan fordi det krever innsats å ta imot denne formidlinga. Det er absolutt ikkje ei øving i å passivt motta inntrykk, eller det å inneha denne katatoniske tilstanden du sig inn i, når du senkar deg ned i sofaen foran TV'en. Du må tolke via eigen fantasi og erfaring, nytte eigen formidlingsevne og intellekt, noko som gjer deg til ein aktiv deltakar gjennom heile forestillinga. Ein er faktisk litt sliten, men forhåpentleg tilfreds, når ein forlet teatersalen.
I går kveld var vi å såg Leve Posthornet av Vigdis Hjort. Den handlar om ei kvinne som finn tilværet noko meiningslaus. Ho tek ingen avgjerdsler sjølv, men driv gjennom livet som ei flytande grein i ei litt stri elv. Ho blir kasta hit og dit, uvilkårleg og tilfeldig, styrt av alle andre enn seg sjølv. Det var svært få kullisser, noko som stiller desto større krav til eiga innleving. Så treff ho ein postmann, med eit brev, som får henne til å sjå på livet med andre auger.
![]() |
Riksteateret plakat |
Kjærasten til Ellinor skreiv brev til seg sjølv, då han ikkje klarte å sette ord på ting som vart vanskelege. Han sa at når han vart redusert til fortellar og brevskrivar - så var det så mykje enklare å sette ord på kjensler og tankar - enn då han stod midt opp i det sjølv. Eit heilt fabelaktig synspunkt i mitt hovud. Løfter vi oss sjølve ut av situasjonen, og studerer ting i metaperspektiv (fugleperspektiv), så får vi ofte ein innsikt som forenklar det komplekse. Og då er det og enklare å adressere det. Når vi fjernar kjensleperspektivet i det som vekker kjensler. Heilt logisk igrunn det!
Postmannen sa noko flott
Dei fleste av oss bur i kjellaren i liva våre, endå det er ledig i toppetasjane.
Eg kjende at den setninga sat som eit skot i medvitet mitt. Så enkelt sagt - og så rett. Dette er jo det eg har kjempa med den siste tida. Eg har kjent på at eg ikkje oppfyller potensialet mitt, at eg berre driv rundt som ei avknekt grein i stri straum - utan kontroll, og utan vilje. Og så når det er ledig i toppetasjen!
Det krevs inga vilje å heve ein lønnsslipp, og utføre den daglege "dunten" - for alle andre enn seg sjølv. Det krevs minimalt med opphaldelsesdrift å flyte med alle eventualitetane i livet ditt, uten å prøve å styre hendingane i ei konstruktiv retning. Då bur ein i kjellaren - mens det er tomt på loftet.

For å fylle toppetasjen med lys, må ein først og fremst ha plass - men også ha mot til å ikkje fylle alle krokane sånn heilt med ein gong.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar