
Det å få tillit i det mest sårbare og utrygge i liva til mennesker, er noko heilt spesielt. Det gjer ein ærbødig å bli invitert inn i det indre, meist private til mennesker i kriser og vanskelege tider. Det at ein går heim frå jobb og kjenner at i dag har eg gjort ein forskjel for nokon, gjev ei sterk kjensle av sjølvtillit. Og det er ingen byrde. Det er ingen byrde å hjelpe, det er berre kraftgjevande.
Så kvifor har eg sagt opp? Fordi kampen om rettar vi alle skal ha - uansett små eller store plager, klagar på systemet, det at nokre av oss faktisk må - og alle skal - døy ein eller anna gong, og det ikkje blir akseptert av samfunnet, gjer det umulig for meg å fortsette. Visst skal eg vere takksam for at eg har ein jobb å gå til, men jammen skal det norske helsevesen prise seg lukkeleg for at eg jobbar for dei og.
Eg har i mange år sagt at eg ynskjer å jobbe med dei døyande, i heimen deira, kor vi saman skal jobbe for den verdige døden. Men i mine auger har vi ikkje tilrettelagt systemet vårt for at dette skal det vere muleg. Det å avslutte blant sine kjære, i sitt kjente miljø er det flottaste eg kan tenke meg. Men det tyder og at vi som samfunn må løfte fokuset vekk frå kven som har skulda for at vi skal døy, at vi skal behandlast langt inn i døden, og at vi skal kjempe til siste nikk - koste kva det koste vil. På eit punkt må vi legge ned kampvåpna våre og sei - nok er nok. No slåss vi for verdigheit.
I gamle dagar kraup gamlefar på lemmen då han kjende seg trøytt av dage, og ned der i frå kom han ikkje før 14 dagar seinare, etter hans død. Dette var akseptert. Man kjente etter når kroppen var oppbrukt. Eg trur ingen blir klar for å døy, men å leite etter mirakelkuren etter legestanden har sagt stopp, er ikkje alltid den beste løysinga. Som fagfolk i dette gamet, så veit ein kva tilførsel av mat og væske kan gjer med eit dødsforløp. Det kompliserar, og gjer lidinga større. Men likevel kan vi lese nyheitsoppslag frå oppegåande mennesker som skriv om at deira pårørande svalt eller tørsta ihjel. Vi veit at forlenging av livet, ofte medfører voldsom liding og biverknader som faktisk overstyrer vekene eller månaden ein får i "bonus"-tid. Men likevel ser ein over alt desse oppslaga om at vårt rike norske helsevesen ikkje vil betale for ein eller anna medisin.
Eg skulle ønske at det blei normalt å døy att - at ikkje det vart sett på som eit tap og nederlag. Eit tap er det sjølvsagt - men eg er ikkje einig i at det alltid er eit nederlag. Kanskje vi skulle anerkjent ein tru og gamal profesjon att - nemleg sjelesørgaren. Han som hjelper deg med å sørge når livet kjem til endestasjon. Hjelper å akseptere, forstå og ta farvel med det livet vi hadde. No ligg det sterkt inne i fleire profesjonar, den teologiske utdanninga og mykje i sjukepleien. Teologen når dei med livstru - og sjukepleiaren må ofte ta seg av resten. Eg tenkjer at dette skulle vore ein eigen - ikkje religiøs profesjon.
Kjem eg til å fortsette som sjukepleiar? Det veit eg enno ikkje. Men eg vil alltid vere sjukepleiar i marg og sjel. Så eg kjem alltid til å ta med meg verdiane til sjukepleien og medisinen i alt eg gjer.
Av og til helbrede - nokon gonger lindre - ALLTID trøyste

Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar