
Vi kjempar mot fordommar mot psykisk sjukdom, enten den er kortvarig eller langvarig. Er det verkeleg slik at det er ein svakheit å strekke ut ei hand, og sei - No treng eg hjelp? Eg veit at fleire gonger i mitt liv har eg hatt behov for slik hjelp, men eg har hatt vansker med å strekke ut den handa. Eg har gjerne hatt nettverk rundt meg som har vore observante på problema mine, men eg har aldri strekt ut ei hand og sagt - No klarer eg ikkje meir, ver så snill å hjelpe meg! Og for dette, veit eg at mange rundt meg anser meg for å vere eit sterkt og oppegåande menneske. Men stemmer dette?
Eg har enno ikkje hatt eit problem som eg med tid ikkje har løyst, ein situasjon eg ikkje har stått i , men gjer det meg sterk? Eg har vore overbevist om det. Men i går ettermiddag byrja eg å lure på dette. Er det verkeleg slik det kan tolkast? Eller har eg berre vore heldig?
Den verkelegheita vi postar på bloggane våre, på Facebook og andre sosiale medier, er eit gullkanta glansbilete av verkelegheita vi ynskjer å presentere for omverda. Vi alle gjer det, enten det er bevisst eller ubevisst. Og mekanismen i det er nok ganske enkel, har eg ein møkkadag - så hjelper det meg å legge ut eit innelgg om bakstedag med ungane, eller den gode tilbakemeldinga på innleveringa/eksamen. Eller den siste flotte genseren vi har prosdusert. Alt dette gjer vi fordi vi trenger eit klapp på skuldra, og nokon som seier - Kor flink du er!
Livet vårt styrast i stor grad av kor mang LIKES vi får på ein posting av noko slag, eg er inget unntak. Kvar gong eg har posta eit innlegg om kva det skulle vere, så held eg pusten til første Likes eller kommentar kjem.Den halvtimen før det skjer, sit eg limt til skjermen og følgjer med. Fordi eg er så opptekne av kva andre trur og tenker om meg. Når første tilbakemeldinga kjem, er alt ok - då er eg på toppen av verda att! Men det er svært mange som ikkje seier noko om det eg skriv, og det er nesten verre enn negative reaksjonar, trur eg. Og dei forrige kommentarane er ikkje gyldige på de nye innlegga mine, då startar eg heilt på nytt.

Kvifor skriv eg så? Jo, det er for å trene meg på denne tausheita. Det er for å trene meg på å ikkje få tilbakemelding, slik at eg heilt ultimat stolar på mi eiga tilbakemelding. Og sjølvsagt fordi eg tenkjer mykje og mangt, og fordi eg er eit skrivande vesen. Så har eg mi lille faste tilhengerskare - av både kjente og ukjente, som ilag med meg har stor glede i ordbruken min. Men hovudsakleg øvar eg meg i at det er nok kva eg syns.
På mange områder i livet trur eg mange av oss er for opptekne av kva andre trur og tenkjer. Difor går vi til store steg for å unngå den "negative jungelradaren" som detekterar nesten før vi sjølv gjer det, at vi drit oss ut. Og så startar møllesteinen som drivast av alle som lir av same sjuka, eit patologisk behov for bekrefting. SLADDER!

Og dette mine vener, trur eg vi alle må trene på. Ikkje ein av oss trur eg, klarar å berre slå på ein brytar som endrar dette i oss sjølve. Når nokon av våre kjære havnar på Post 2, så vil vi tenke, og fundere på kva svakheit dette er? Det gjer vi som står utanfor, og det gjer iallefall den som sit inne på Post 2. Tør å tenke det, for då kan vi jobbe med det. Ved å tenke det utenkelege - endrar vi haldningane våre.
Då eg sat på besøk i går, overraska eg meg sjølv over å felle nokre tårer. Dei kom like overraskande på meg, som på den eg besøkte. Det var ikkje svakheit som fekk meg å gråte, ikkje fortviling eller redsle. Det var det overdeldande i styrken og klokskapen til den eg sat hos - som rett og slett var så vakker, at tårene byrja å renne. Sjølvinnsikt er det vakraste som fins - så oppfordringa mi i dag er:
Bli vakker!
Albert Einstein sa mange ting - og eg lånar eit ordtak til i dag. Tenk over det - og gjer noko med det!Verda er ein farleg plass å leve. Ikkje på grunn av det onde, men på grunn av dei som ikkje gjer noko med den.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar