.jpg)
Hovudårsaka til at dette blei årets ferie, er nok Askil. Han har dessverre arva nok av mine gener, og då spesielt dei som seier at kiloa elsker deg! Eg bekymrer meg mykje for vekta hans. Mykje på grunn av faren for mobbing og vanskane rundt det å finne pent tøy som passer. Men det eg er mest redd for, er at han skal som konsekvens av vekta, få eit dårleg sjølvbilete, og at han skal tru at han ikkje klarar prestere det han vil. Etter mange år som svært stor, er det ein konsekvens eg har streva mykje med sjølv.
Når vi då bestemte at Galdhøpiggen var målet, så måtte vi planlegge belønning og motivasjon. Så det første vi gjorde, var å bestille 2 dagar på Tusenfryd, med overnatting på Thon's Juniorhotell på Ski. Denne belønninga sette vi på slutten av veka vi skulle på tur, slik at vi hadde ei gulrot å by på.

leide eit rom der. Men i år valde vi å leige hytte på Raubergstulen, som ligg ei mil før Juvass. Hytta hadde 2 separate soverom, med 2 enkeltsenger på kvar. Og på hemsen var der 3 sengeplasser. I stova var det ein spiseplass og peis, samt ei open kjøkkenløysing, og hytta hadde eigen dusj og toalett. Det var reint og pent i hytta, som hadde alt du trengte av utstyr heilt ned til kaffitrakter, og servicen på Raubergstulen er heilt eksepsjonell. Vi betalte 1000 kroner natta for denne hytta, og tru meg, det er ein heilt akseptabel pris når du kan ta med deg 7 personar om du ønsker. Dei leier og ut enkle rom med matservering og større hytter.
Rett over vegen for Raubergstulen ligg Galdhøpiggen klatrepark som har 6 klatreløyper av ulik vanskegrad. Elias og Kayla som er under 150 cm kunne ta dei 3 første. Askil som over 150 cm kunne ta dei 5 første løypene. Den siste løypa var for dei over 160 cm. Askil betalte vi 290 kroner, Kayla 220 kroner og Elias var 190 kr. Då kunne dei klatre heile dagen om dei ønska.

Turen er delt opp i 3 etapper, der første del er over svært grov steingrunn med vekslande snødekke no i juni. Denne delen går i slakk opppver stigning, og er nok ikkje så veldig fysisk krevjande, men litt krev den no av deg. Mest at du ikkje må trakke feil, slik at du vringlar noko. Denne etappa tek 45 min, og guidane set ei grense på 1,5 timar på denne etappa dersom du skal vere med vidare. PÅ denne etappa sleit Askil veldig. Han vart fort sliten, og har nok ikkje pressa kroppen sin så sterkt at han har komme forbi "sliten-punktet" før. Dette gjorde han nok engsteleg for om han kom til å klare resten av turen. Torbjørn og eg vart fort einig om at påbegynte etappar skulle fullførast, så fekk vi heller vurdere kvar etappe for seg. Askil vart sint og sliten. Sliten slik at han vart redd for å ikkje klare fullføre, og sint fordi vi hadde "tvunge" han med på turen. Eg tenkte mykje på kor mykje eg skulle tore å presse han, men vart fort einig med meg sjølv at eg var meir redd for konsekvensane av at han ikkje fullførte.

Askil har det siste året spara til stasjonær gaming-PC. Den han har valgt seg ut kjem på mellom 10 - 12 000 kroner. Avtala vi har gjort med han, er at han sparar opp halvparten til denne sjølv av vekepengar og gåvebeløp, så matcher vi andre halvparten då han har spara opp 6000.
Før vi reiste hadde han 3200 på konto, og eg kjente at no var gode råd dyre. Motivering og "pep-talk" gav han ikkje boosten han trengde, så i desperasjon seier eg til han at eg skal matche det som står på kontoen då vi kjem heim, dersom han nådde toppen. Askil strålte opp som ei sol, og vart så lett i steget at du anar ikkje. Eg fekk eit lite augeblink dårleg samvit fordi eg "lurte" han med ei avtale som eigentleg ikkje gav han noko anna enn det vi allereie hadde avtala, men undertrykte kjensla av tvil,, før den fekk fotfeste.

Andre etappen går i ganske flatt lende heilt til slutten av etappen. Då skår breen oppover foten på Galdhøpiggen, og med litt raust tempo - høyrde eg at Kayla vart svært tungpusten. Tempoet til breguiden var rikeleg, og han gav ikkje sjanse til å tenke seg om, Kayla pesa høglytt bak meg, og eg kjente etterkvart at melkesyra meldte seg i låra mine og.

Som du ser av bileta at sikten var lik null, og guidane var svært strenge med at vi ikkje fekk gå aleine nokre av etappane. Sikten var dårleg, men ungane vart likevel positive til erfaringa, og beskreiv turen etterkvart som den beste dei har hatt.
Siste etappen er svært bratt, først mykje klatring på berg og stein, deretter bratt stigning i snøkave. Elias bestemte seg tidleg på turen for at han skulle vere den første opp på piggen, så han såg vi stort sett berre ryggen på. Han og Torbjørn leia fortroppa vår. Vi fekk nesten 45 min på toppen, noko som seier noko om at vi ikkje var dei siste opp i alle fall.
Kjensla ungane hadde på toppen var fenomonal, dei stråla av meistring og stoltheit over eigen innsats. Eg var undervegs usikker på om eg pressa dei for mykje, men det var tydeleg på toppen at eg ikkje hadde. Dei var så stolte då vi gjekk inn i hytta på toppen for å kjøpe t-skjorte med Galdhøpiggen på. Desse selgast for 200 kroner kontant på toppen. Du kan til nøden få kjøpe ei nede på Juvasshytta om du ikkje har kontantar med deg på toppen, men då må dei vere sikker på at du har gått turen. Denne skjorta var kjempeviktig for dei!

Denne turen lærte meg mykje om tolegrensene til ungane, og endå meir om deira personlege styrker og svakheiter. Trur at turen lærte dei sjølve mykje om det same. Eg lærte også noko om meg sjølv som mamma, nemleg at eg er redd for å presse dei for hardt. Og at det sannsynleg fråtek dei opplevingar og meistringar, fordi eg let dei få gje seg når redsla deira er for stor. Eg kjem nok til å tore å "pushe" dei litt meir, for å bruke Elias sitt eige uttrykk, fordi eg har funne ut at eg har dei tøffaste kidsa i verda! Eg er så stolt over prestasjonane deira etter denne turen, at eg ikkje kan få uttrykt det nok i ord. Og jammen litt stolt over meg sjølv også, eg har gått Galdhøpiggen heilt uten å tenke på eigne prestasjonar, berre vore fokusert på motivering og styrking av andre sine. Det var også ein litt spesiell erfaring som har synt meg at eg klarar meir enn EG trur også...

Elias rasa gjennom løypene, og då han stod fast uten å klare finne metoden han skulle nytte vidare - berre lo han og ga på til han fann den.
Kayla gjekk på meir forsiktig, og då ho stod fast brukte ho pusteteknikkar og sjølvmotivering for å komme vidare.
Askil møtte utfordringane han har med høgdeskrekk så langt han klarte, men er mykje meir forsiktig i måten han løyser problema på.
Det har vore fantastisk å bli kjent med ungane sine på denne måten, og eg kan berre anbefale det på det varmaste. Ein blir jammen overraska, sjølv om ein meiner ein kjenner ungane sine godt.
Dei ressonerer i alle fall i ettertid slik sjølve, at dei har hatt ein kjempeflott tur som har gjort dei usikre, redde for eigne avgrensingar og med masse spennande meistringsopplevingar. Som Kayla sa det etter holdt på å gje seg i eine hinderløypa 10 m over bakken, og ute på nokre tømmarstokkar som ikkje ville samarbeide med beina hennar. "Eg har vore på Galdhøpiggen for søren, ikkje kul at eg gjer meg no!!!"
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar