Håpet var at kosestart skulle hjelpe, fysisk som psykisk, mot vonder, plikter og måndag. Men det gjorde det ikkje! Elias karra seg rett nok ut av senga, men ikkje eit smil, eller noko anna form for energi frå han. Vi avtalar å vente til 2.time - og lærarressurstimen hans, før vi køyrde opp på skulen. Eg hoppar i dusjen då eg kom ned att - i tilfelle det skulle bli høve til å ta turen ned på mi eiga undervisning. Men eg rakk knapt komme i klea, før læraren ringer.

Eg veit at all kjærleik og styrke vil ha effekt i det lange løp! Det er berre at innimellom er det lange løpet så uendeleg langt unna. Og kvar dag blir denne fine guten proppa full av lærdom eg meiner han godt kan klare seg utan. Men ein får fokusere på at all gjennomgått sorg, kjem ut att i andre enden som mot og styrke.
I mellomtida studerer eg frå mitt likje kontor i heimen, heilt ute av arbeid - med livet fullt av arbeidsoppgåver. Den viktigaste vere seg Elias' helbred - både fysisk og psykisk!
Ha ei fin veke alle!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar