
I helga bestemte eg meg for ein ting, og det var at eg skulle nytte visitten i dag, til å klargjere for heimreise. Min tanke var at dersom vi skal sitte her inne, og ikkje gjer noko, og teste ut korvidt forsiktig opptrapping til livet til Elias ville funke, så kunne jo vi like godt -og endå betre gjere det heime. Mitt mål var då visitten starta - å framskunde heimreise. Eg hadde forsona meg med at dette med Elias ville bli eit langt lerret å bleike. Små skritt - og laaaang tid!
Så klokka halv ti i formiddag kjem det ein virvelvind i kvit frakk kostande inn på rommet til meg og Elias. Lang tynn og gråhåra - med eit blikk som skjær tvers gjennom deg. Handgrepet hans var fast, bestemt - og heilt i grenseland til å gjere vondt. Han hadde eit handtrykk som du ikkje kan svare med desse ekle "fiskepudding"-handgrepa. DÅ skviser han deg. Du må rett og slett svare med eit grepa tak sjølv. Han kostar inn på rommet, set seg ned på sengekanten til E, og helser med eit lattermildt blikk. "Eg har lest mykje om deg Elias, men eg vil at du skal fortelle meg korleis du har det!" eg rekk ikkje tenke tre bokstavar, før han liksom slenger over skuldra i mi retning - "Eg er veldig spent på mamma sine tankar også, men dei vil eg høyre etterpå!" Bom - så skubba han meg effektivt ut av samtala, på ein sjarmerande og totalt parkerande måte! Spotlyset var på Elias, og han kunne ikkje gøyme seg bak meg, han måtte svare sjølv. Elias svarar på eit par inngåande spørsmål, og bryt så ut - "Eg er så lei av desse spørsmåla! Dokke finn jo ikkje ut nokke likavel!!" Eg gløttar spent bortpå Dr Flagrefrakk, og han bryt ut i ein lattermild kommentar - "Jammen skjønar eg det Elias. No tek eg med meg mamma på eit anna rom, og masar litt på ho - så kjem vi tilbake til deg. Er det OK?" Både eg og han kvepp litt, og eg byrjar skjøna at han her var det litt tak i. Så kjem kommentaren som vann meg over; "Barn med smerter, det er ein heilt spesiell ting. Eg er barnenevrolog, og har jobba med svært mange barn med smerter. Mange barn med smerter har noko til felles, nemleg at det ikkje er så lett å lese fysiske teikn på smerte hos dei - som det er hos vaksne. Dei kan leike og vere aktive lenge, sjølv med svært sterke smerter. Difor er det så vanskeleg å "lese" smertene deira"
.jpg)
Han fortset med å sei - eg har nokre veldig sterke teoriar, eigentleg er det berre ein - og er det ikkje den - så har eg ein annan. Men det kan faktisk vere begge to! Vel, det er faktisk ein tredje, men den trur eg vi utelukkar. Den 3. teorien er at dette er psykogent. Det vil sei på måten som unge jenter får anfall vi ikkje kan forklare med sjukdom i hjernen. Etter utredning finn vi at det ligg psykiske påkjenningar bak, som skapar krøll og gjev dei anfall dei sjølve trur er reelle. Det er det ikkje med Elias! Eg kikkar på denne litt rare legen under denne tiraden, som han nesten ikkje trekk pusten mellom. Og eg kjenner lukke. Dette er det alle vi først møter trur, og vi må gang på gang overbevise dei om at slik er det ikkje!
Eg ventar nysgjerrig på kva diagnosar tenker han på? Nei, du må vente seier han. Vi skal snakke om det når eg har fått stilt pappa'en til Elias nokre spørsmål. Kor tid skilte e de lag, spør han kjapt. 2010 svarer eg, og Elias sørga djupt første året, men no forgudar han stefar og stemor. Som forøvrig var på besøk med sin sønn i fleire timar i går, svarte eg. Legen har teikna eit slektstre for å forstå denne voldsomt moderne familien. Han peiker på fars sambuar og hennar son? "Var ho her utan at far var det?" Ja, smilte eg. Det rår gode forhold. Det er klart det har vore frustrasjonar undervegs sa eg. Det er difor vi er skilt. Men eg må og alltid hugse på at eg likte han godt nok til å få tre barn saman med han ein gong, då er det vanskeleg å ikkje handtere det som vaksne mennesker. Legen smilar og ser litt overraska ut. Og eg forsikrar om at eg veit kor heldige vi er. Då svarar legen at han heller vil sei at vi er flinke! Kan hende vi er det? Ikkje veit eg.
Vel diagnosen er noko så avansert som paroxysmal hemicrania, noko som tyder at det er ein indometacinsensitiv hodepine.Dette er ein sjelden tilstand som kan likne mykje på klasehodpine. Denne er ein variant med sterkare og hyppigere attakk, og om dette er det Elias har, så har han ein unormal variant kor han har det på begge sider av hovudet, istadenfor berre på ei side. Denne typen hodepine reagerer sterkt på ein type medisin, som han då må stå på sannsynleg resten av livet. Så langt så les eg at dette er ein autoimmun sjukdom, han har då den kroniske varianten og blir avhengig av medisin resten av livet. Men medisinane er av typen NSAIDS som kan vere sterke for magen - og difor vil kreve medisinar som beskyttar mageslimhinnene i tillegg. Nevrologen til Elias er rimeleg sikker på at dette er diagnosen, men han kan i tillegg ha migrene som tilleggdiagnose. Men alt dette er uvisst enno, Det fins ikkje diagnostiske verktøy med denne tilstanden, og medisinen som krevst kan vere vanskeleg å finne rett dose på. Og om nevrologen får rett så må vi itillegg bruke migreneforebyggande medisinar. For han meiner at magesmertene Elias ikkje har blitt heilt kvitt faktisk er migrene. I nokre tilfeller så har ikkje migrenepasientar hovudpine - men magesmerter.

På Elias sitt spørsmål om vi fortsatt skal reise heim onsdag, blåste nevrologen av han først. Nei - de må bli her så lenge vi må. Punktum. Men han besinna seg etterkvart. Medisinen er vanskeleg tilgjengeleg, og det kan difor hende vi kan reise heim i mellomtida. Dei har no skaffa eit par døgns behaldning. SÅ får vi sjå.
Men skuldrane mine blei brått lettare. Det sit ikkje inne i mitt hovud. Eg, og vi overdriv ikkje! Dette er faktisk det deiligste "kva var det eg sa'et" eg nokon sinne har sagt!
Elias? Han tør ikkje håpe på noko enno. "Eg trur eg ventar med å bli glad eg mamma. For om det er rett at eg snart blir betre, så blir eg jo like glad om eg ventar. Eg er meir redd for at eg blir så veldig skuffa om det no ikkje er rett diagnose...."
Denne vakre, kloke lille guten min - meir vaksen på det siste halve året enn mange blir på fleire tiår. Men du kor vondt det gjer å sjå han erverve denne kunnskapen......
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar