Eg har dei siste ti åra lidd av "flink pike-syndromet". Dette har eg vore open om, fordi eg faktisk har tenkt at det var ein kompliment. Vel, det er det ikkje. Når ein lir av noko sånt, må ein gjere ein vanvittig innsats. DET er nok noko i eg i alle høve har kunne vere stolt av. Men for å legge ned ein slik innsats - må ein gjere nokre oppofringar. For å finne tid til mine ting, har eg måtte latt vere ulike andre aktivitetar. Det første som rauk i mitt tilfelle, var sosial omgang med andre. Eg er sjelden eller aldri ute med vener, kollegaer eller i andre samanhengar. Etter at eg vart skilt, var det enkelt å alltid ordne det slik at eg jobba meir intenst i pappa-vekene, og det var min unnskuldning for at alt kunne akspeterast. Nemleg at eg jobba meir intenst i "barnefri-vekene" og dermed likevel kunne ta meg godt av ungane då dei kom til meg.
Men dette er det største sjølvbedraget eg har bedrevet. Det er heilt logisk at eg var totalt utslitt då ungane kom til meg. og på den måten både hadde mindre overskot til å finne på ting med dei, enn eg ville hatt utan denne livsstilen.
Eg var ferdig utdanna sjukepleiar for 6 år sidan, og sidan den tid har eg tatt 135 studiepoeng til, innimellom at eg har jobba litt meir enn 100 % heile tida. Enten ved å ha fleire jobbar, eller ved å jobbe ekstra. Som aleinemamma er økonomien skral, og ein må heile tida ha meir. Og innimellom alt dette, studerte eg. Det er klart at borna mine har betalt for dette! Noko anna ville vore ei løgn å sei.
Dette er tredje hausten på rad, at livet blir sett på pause. I 2012 vart mamma diagnostisert med småcella lungekreft, kor ho samtidig med diagnosen, fekk dødsdommen. 4,5 månedar fekk vi etter dette, kor forma vart dårlegare og dårlegare. Mamma spurte meg om å ta meg av alt det medisinske denne tida, og det gjorde eg jo sjølvsagt. Dette var ei tøff tid, kor eg heile tida var i jobb ved sida av. Hausten 2013, gjentek dette seg med svigerfar, han fekk berre 3 månedar, og eg jobba ved sida av denne gongen også. Ein skulle tru at dette heldt lenge, men våren 2014 blir Elias sjuk, og vi må nok ein gong leve parallellt med helsevesenet, kor det einaste fokuset er sjukdom og redsle for å miste nokon.
Nok ein gang prøvde eg å handtere dette uten å sjukemelde meg. Men det gjekk ikkje mange månadane før eg skjønte at denne taktikken ikkje funka. Eg måtte ut i full sjukemelding frå hausten av, og står no i påvente av å få svar på søknad om pleiepengar. Når sonen din er sjuk, skjer det noko med heile fundamentet du står på. Ein innser rask at det ein før har ansett som det viktigaste i livet, berre er luftslott og i mitt tilfelle - egoisme.
Eg sat på ei mastersamling i haust, og skulle presentere kva eg tenkte forske på denne hausten, og skrive oppgåve om i vinter. Eg var sjølvsagt dårleg forberedt, og må sannsynleg ha presentert temaet mitt dårleg, for presentasjonen kulminerte i den verste utskjellinga eg nokon sinne har stått ovenfor. Til å begynne med skjønte eg ikkje kva rettleiaren meinte ein gong, men eg oppfatta no etterkvart at eg hadde sannsynleg presentert tankane mine på ein slik måte som kunne tolkast slik at rettleiar vart fullstendig rasande. Eg prøvde etterkvart å forklare, og å korrigere kva eg eigentleg meinte - men det nytta lite. Eg blei fortalt at dette hadde ho forska på, og dette kunne ho betre enn meg, og avrunda tilslutt med å seie at dette er akademia - dette må du tole!
Eg gjekk i ein døs etterpå, og måtte heldigvis reise heim til Elias, då han var blitt dårlegare att. Men denne episoden kverna rundt i hovudet mitt i vekesvis etterpå. Eg har aldri kjent meg så fornedra nokon gong, og eg måtte etterkvart sjå på kva som er betydningsfullt for meg? I lag med sjukdommen til Elias, så har denne episoden blitt eit vendepunkt for meg. Kva har eg nytta all mi tid på dei siste åra? Når alt kjem til alt, kva er viktig? For meg? Og for familien min?
![]() |
På Galdhøpiggen i 2013 |
Eg skulle så mykje heller hatt Elias med meg på Galdhøpiggen att - ein eller annan gong. Men nett no ser det mørkt ut for det. Men kanskje ein dag...
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar