Når ting ikkje går i mi planlagte retning - og skal eg vere ærleg skjer vel det oftare enn ikkje - lener eg meg tilbake i ei sterk tru på at eg alltid får akkurat det eg treng. At alle ting eg opplev, sjølv dei negative, skjer fordi erfaringa har ein innsikt eg treng akkurat då, eller fordi den erfaringa vil gje meg ein ny dimensjon i mi forståing av min kvardag. Difor ignorerer eg aldri innskytelsar eg får, fordi dei kan vere viktige for meg. I forgårs var innfallet mitt at eg skulle opp på Høgskulen, for å sjå etter det mennesket som har inspirert meg mest fagleg, og som i stor grad har ansvar for at eg blei lærar og formidlar av det positive. Ho har nett skrive ei bok, som eg har gått rundt med i veska for signering. I tillegg hadde eg eit eksemplar til eit menneske som betyr svært mykje for meg, som og skulle signerast.

.
Gjennom det neste året hadde eg gleda av å bli inspirert av Siv gjennom både praksis, førelesingar og gode samtalar i etterkant. Ho inspirerte meg, og lærte meg at man kan ta utgangspunkt i det positive - og at dette utgangspunktet faktisk gjer læringskurva brattare.
Eg fekk både mi bok, og boka eg skulle gje vekk i gåve signert. I mi bok skreiv Siv - fortset å halde fana høgt for det du trur på. Eg gjekk rett heim, og byrja lese ... Dette er ei faglitterær bok, men Per Fugelli beskriv den i forordet som ei kjærleiksfortelling forkledd som sakprosa. Den handler KUN om kjærleik, skriv han. I mine siste dagar rett før eksamen har eg altså sitte med nasa begravd i ei bok som ikkje har særleg mykje med eksamen å gjere. Eg har ikkje klart å legge den frå meg! Tårene har rent på fleire plassar over desse beskrivingane av levde liv. Ho beskriv sterke historiar, men det som har rørt meg meir enn noko anna i denne boka, er kvar gang ho møtte sine eigne kjensler som sperrer for vidare utvikling, kvar gong fortvilinga hennar dreiv henne ut av retning, så snur ho seg til litteraturen for svar. Siv erkjenner ALLE kjensler, ho vurderer alle situasjonar, både sin eigen påverknad og andre sin - og startar å lese. I litteraturen finn ho svara ho treng, forklaringane alle behøver for å kunne gå vidare. Med same retning - berre med nye innsiktar og nye kartreferansar. Det er i sterk bok, både fagleg - men ikkje minst i mellommenneskeleg verdi. Ho fortel om einslege mindreårige, men beskrivingane hennar om reaksjonar og mellommennesklege prosessar kan overførast i alle kvardagar. Også i min og din!
Enno ein gong har du inspirert meg Siv. Du inspirerar til å bli eit betre menneske - til å halde fana høgt for det ein trur på. Nok eingong kjenner eg meg erbødig over innsatsen din, og ansvaret du tek kollektivt i samfunnet. For meg handlar ikkje denne boka berre om kjærleik - for meg handlar den om enorm kjærleik og uendeleg visdom. Boka rører ved det inderlege ønsket vi alle har om å bli betre, kjenne betre og det å eige kunnskap. Tusen takk for at du deler din kunnskap så ubetinga - og for at du finn meg ein verdig mottakar av denne! DU inspirerer meg!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar