
Det blir merkeleg å slutte på høgskulen, men eg kjenner at hausten og vinteren har vore hard påkjenningsmessig, så det var nok på tide å flytte fokus litt. Men trist er det! Det har jammen gått 2 1/2 år, og jobben er berre kjempespennande. Eg kjenner på at eg rett og slett er utbrent, og derfor blei det ein av mange beslutningar eg har tatt den siste tida.
Eg er faktisk sjukemeldt av same årsak akkurat no. Den siste tida har hovudverk og uro i kroppen, dårleg sømnkvalitet med masse (!) draumar, konstant kjensle av å vere totalt utmatta, og enormt dårleg konsentrasjon, har vore daglege følgesvenner. Du veit den reklama som går på TV i desse dagar, for Biola? Denne lille jenta som snublar over trerota når ho er på epleslang med dei større ungane. Den kjensla du ser i auga hennar når ho ser huseigaren komme mot henne, den kjensla har eg hatt heile tida i vinter. Storproduksjon av adrenalin 24 - 7. Det er berre heilt utmattande. Så rett etter siste eksamen sa det stopp. Då var det rett og slett heilt tomt. Eg har nesten ikkje klart å løfte strikketøyet, som har vore mi store lindring sidan rett før påske. Det har holdt meg i gong, kopla meg av heile verda, samtidig som tankane har strauma på - utan mål og meining. Det hjalp lenge, heilt til det ikkje hjalp lengre, hadde eg så nær sagt. Og det å gå å sjukemelde seg fordi eg har vore sliten, var neimen ikkje lett. Eg er jo ikkje sjuk? Hjelpe meg for ei kneike det har vore å komme over. Dårleg samvit for at eg let min nye arbeidsgjevar i stikken,eg veit jo at drifta er tung med mange sjukemeldingar. Men skulle eg berge restane av meg, måtte eg berre....


Så i kveld kosar eg meg med det som er viktig her i livet - familie, vener og god mat og drikke. Kan det bli betre?
Ha ein fin dag alle, og hugs at alle har noko med seg som ikkje alltid er like synleg. Vi kan derfor alle gjere vel ved å behandle menneska rundt oss med omsorg og forståing, sjølv når vi ikkje forstår.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar